NPK: Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) lyser ut åtte millionar kroner til utvikling av klippfiskproduksjonen i Noreg.
Det skriv
På grunn av svært arbeidsintensiv produksjonsteknologi er ikkje den norske næringa konkurransedyktig mot produksjonen i lågkostland, og norsk næring tapar marknadsdelar, heiter det i ei melding frå FHF som er gitt att av Fiskeribladet.
Ei utvikling av ny teknologi vil, i tillegg til å vareta konkurransekraft, gi potensial for å auke tilverkingsgrad, foredling og verdiskaping i Noreg. FHF håpar dermed denne strategiske satsinga vil vere eit viktig bidrag for å oppnå ein naudsynt utvikling i sektoren, ifølgje meldinga.

Publisert: 25.06.2018 15:05
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38