NPK-NTB: Hittil har Vipps mangla løyve frå myndigheitene. No er storfusjonen eit skritt nærmare å bli ein realitet.
Finanstilsynet anbefaler departementet å tillate dei tre verksemdene å slå seg saman, under enkelte vilkår, går fram det av ei melding måndag ettermiddag, ifølgje .
Frå før har Konkurransetilsynet gjort det same, under føresetnad av at Vipps og det nye selskapet blant anna tilbyr BankID-tenester på ikkje-diskriminerande vilkår til konkurrentar. Finanstilsynet krev dessutan at Vipps etablerer ein kriseplan som sikrar vidareføring av samfunnskritiske funksjonar, knytt til måten BankID blir brukt på til identifikasjon hos offentlege instansar.
– Vi er veldig glade for at Finanstilsynet har gitt ei positiv tilråding til Finansdepartementet, og vilkåra dei legg til grunn er både hensiktsmessige og rimelege, seier Vipps-sjef Rune Garborg.
Det nye selskapet skal levere løysingar innan betaling og identifisering som skal bidra til å forenkle netthandel. Selskapet ønsker å fjerne kortnummer og utløpsdato, fjerne papirfakturaen og sørgje for at Noreg blir først i verda der ein ikkje lenger treng brukarnamn og passord, opplyser dei i ei pressemelding.

Publisert: 04.06.2018 20:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:39