Isowest vart grunnlagt i 1994, held til på Eidsnes og har i hovudsak drive med skipsinnreiing, bygging av produksjonslokale, isolering, kapsling og polyuretanskumming.
I fjor auka inntektene med 16,2 millionar kroner frå året før. Berre 2019 var eit betre år omsetningssmessig.
Selskapet sysselsette i fjor 15 årsverk. Den samla eigenkapitalen var 8,5 millionar kroner, og langsiktig gjeld null.
I desember i 2021 kjøpte Langsetgruppen i Molde Isowest.
| Isowest | |||
| Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
| Driftsinntekter | 52,2 | 36 | |
| Driftsresultat | 8 | 4,2 | |
| Resultat før skatt | 8,2 | 4,2 | |
Publisert: 22.05.2023 05:48
Sist oppdatert: 22.05.2023 05:48






