Både Boreal Sjø AS, Fjord1 AS, Norled AS og Torghatten Trafikkselskap AS har levert inn pristilbod på Romsdalspakken som ugjer fire ferjesamband.
Det opplyser Møre og Romsdal fylkeskommune.
– Vi er glade for den store interessa for å drive desse ferjesambanda, seier samferdselssjef Arild Fuglseth.
Kontraktperioden er frå 1. januar 2020 til 31. desember 2033, og gjeld sambanda Aukra – Hollingsholmen, Molde - Sekken, Solholmen – Mordalsvågen og Åfarnes – Sølsnes. Frå januar 2024 blir det fasa inn nye ferjer på Sølsnes-Åfarnes, og kaianlegga i dette sambandet skal byggast om.
Det er stilt strenge miljøkrav knytt til ferjemateriellet på sambanda Sølsnes-Åfarnes og Aukra-Hollingsholm. Vidare er det krav om at ferjene som skal trafikkere Sølsnes-Åfarnes skal vere nybygg frå og med 2024.
– Vi vil no starte arbeidet med å behandle tilboda. Det er venta at kontrakt blir tildelt i september, seier Fuglseth.

Publisert: 13.08.2018 15:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38