Fire millionar til grønt Vestland
Vestland fylkeskommune lyser ut fire millionar kroner til samarbeid om grøn næringsutvikling.
Millionane skal gå til dei 16 områda prosjektet Grøn region Vestland identifiserte med særleg høgt potensial for miljøvenleg og berekraftig utvikling, såkalla «hubar».
Dei 16 hubane er fordelte over heile Vestland og er område der tilhøva ligg særs godt til rette for miljøvenleg og berekraftig utvikling, skriv Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.
Til saman skal det vere potensial for 17.000 nye arbeidsplassar, kombinert med auka eksport og lågare utslepp.
Leiaren for hovudutvalet i næringa, Tor André Ljosland, seier målet med millionane dei lyser ut er at dei skal legge til rette for å starte opp ulike samarbeidsaktivitetar mellom relevante aktørar på tvers av verdikjeder og bransjar.
– Dette skal ta oss eit skritt vidare i prosessen med å realisere industriell symbiose og grøn omstilling. Sidan det er til dels store skilnadar mellom kor langt dei ulike hubane har kome i dette arbeidet, er det også aktuelt å støtte vidareutvikling av allereie eksisterande samarbeid, seier Ljosland i pressemeldinga.
Søknadar for millionane blir handsama fortløpande. Siste søknadsdato er 31. oktober 2022. Om totalbeløpet på fire millionar kroner er delt ut før dette, blir ordninga avslutta.
(©NPK)
Publisert: 10.06.2022 16:38
Sist oppdatert: 10.06.2022 16:39