Kort fortalt

Fire nye artar er oppdaga i Nordsjøen

Ein av dei nye er atlantisk uer.

NPK
28.04.2021

Nokre fiskeartar har over tid endra gytestad. No finn ein artar som ikkje tidlegare har vore registrert i Nordsjøen gytande i det havområdet.

– Oppdatert og detaljert kunnskap om artssamansetning, gytetidspunkt og gyteområde er nødvendig for å kunne gi råd om gjennomføring av menneskeleg aktivitet. Dette for å unngå potensielt negative konsekvensar for fisk i sårbare periodar og område, seier forskar Bjørn Krafft i ei pressemelding frå Havforskingsinstituttet.

– Det har lenge vore eit behov for eit meir detaljert og oppdatert bilete over samansetning for ulike fiskearter, og gyteforløpet deira i Nordsjøen. No har vi òg funne fire artar som tidlegare ikkje er observert å ha gyteaktivitet i området, seier Krafft.

Dei fire nykommarane er piggkutling (Buenia jeffreysii), krystallkutling (Crystallogobius linearis), fireflekka var (Lepidorhumbus boscii) og atlantisk uer (Sebastes fasciatus). Sistnemnde er i familie med ueren som vi er vande til ved kysten.

Publisert: 28.04.2021 13:56

Sist oppdatert: 28.04.2021 13:58

Mer om