Kort fortalt

Fire rekordar under årets torskefiske

Oppsummerer vinterfisket.

NPK
18.05.2022

(NPK): Vinterfisket etter torsk sette fire nye rekordar i år, blant anna på rekordhøg kilopris og fangstverdi.

I år blei 43 prosent av den norske torskekvoten landa fersk i Noregs Råfisklag frå januar til mai, skriv Fiskeribladet.

Dei fire nye rekordane som blei sette under torskefiske frå januar til mai var at fangstverdien var rekordhøg, kiloprisen var rekordhøg, prisauken samanlikna med fjoråret var rekordhøg og den store prisforskjellen mellom fersk og fryst torsk.

Tal frå Noregs Råfisklag viser at det blei landa 164.000 tonn fersk torsk til ein snittpris på 36,4 kroner per kilo sløyd og hovudkappa torsk i årets fire første månadar. Det er ein prisoppgang på 53 prosent frå same periode i fjor.

(©NPK)

Publisert: 18.05.2022 14:51

Sist oppdatert: 18.05.2022 14:52

Mer om