Kort fortalt

Fisk mot astma

Færre astmasjukdomar hos barn med fisk på menyen.

13.09.2019
NPK-NTB: Ny forsking viser at det å ete fisk frå tidleg alder av kan motverke sjukdommar som astma.
Forskingsrapporten vart publisert internasjonalt i forskingspublikasjonen Nutrience, skriv .
Undersøkinga er gjort på 4.000 barn som vart følgde frå svangerskap til seksårsalderen og er utførte av forskarar ved St. Olavs hospital og NTNU.
– Viss barnet et fisk éin gong per veke ved eitt års alder, så har det cirka 30 prosent reduksjon av allergirelaterte sjukdommar fram til seks års alder, seier førsteamanuensis Torbjørn Øien ved Institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie ved NTNU.

Publisert: 13.09.2019 11:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32