Kort fortalt

Fiska 21 tonn pukkellaks i fjor

Store førekomstar av det uønskte fiskeslaget. 

24.01.2020
(NPK-NTB): I fjor vart det fiska 21 tonn av den uønskte pukkellaksen i norske elvar. Pukkellaksen utgjorde sju prosent av all laks som vart fiska i elvar i fjor.
2019 er det første året der elvefiske av pukkellaks blir registrert hos
Pukkellaksen kan gjere stor skade i Noreg, ifølgje ein fersk rapport frå Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM). Rapporten konkluderer med at pukkellaksen kan bli talrik og påverke økosystem, norsk villaks og akvakultur negativt.
Han høyrer naturleg heime i Stillehavet, men vart sett ut nord i Russland og har funne vegen til norske vassdrag for å gyte. 11 tonn pukkellaks vart fiska i sjøen i Noreg i fjor.
Totalt vart det i fjor fiska og avliva 348 tonn laks, sjøaure, sjørøye, regnbogeaure og pukkellaks i norske elvar – ein auke på 13 prosent frå 2018.
(©NPK)

Publisert: 24.01.2020 09:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:30