Kort fortalt
Fiskar på Hovden Senior omkom
Fall over bord utanfor Senja.
Marius Rosbach
02.03.2021
Ei norsk fiskar omkom etter å ha falle over bord frå fiskefartøyet Hovden Senior.
Det stadfestar reiarlaget som er heimehøyrande i Kjødepollen i Stad kommune, på si heimeside. Reiarlaget skriv at dødsfallet skjedde under fiske utanfor kysten av Troms.
Selskapet skriv at dei er i stor sorg og at dei pårørande er varsla.
Ifølgje avisa Nordlys blei Hovudredningssentralen for Nord-Norge varsla om ulukka utanfor Senja tidleg tysdag morgon. Mannen blei brakt opp frå vatnet av mannskapet, men blei konstatert død etterpå.
Politiet etterforskar hendinga som ei arbeidsulukke. Også Sjøfartsdirektoratet og Arbeidstilsynet skal undersøke saka.
Publisert: 02.03.2021 14:43
Sist oppdatert: 02.03.2021 14:46