Kort fortalt

Fiskarar får oppdrettstorsk i garna

Kystfiskarane frykter genetisk forureining.

NPK
27.01.2023

(NPK): Fiskarar seier dei får oppdrettstorsk i garna. Norges Kystfiskarlag fryktar genetisk forureining.

Norges Kystfiskarlag seier til F iskeribladet at dei har fått fleire meldingar frå fiskarar som meiner dei har fått kjønnsmoden oppdrettstorsk i garna. Det er tatt prøvar av fisken, men ein har enno ikkje fått svar på kvar den kjem ifrå. Ingen oppdrettsanlegg har meldt om rømming.

Styreleiar i Norges Kystfiskarlag, Tom Vegar Kiil, seier i ei pressemelding at dei fryktar genetisk forureining av torskebestanden, slik ein har sett har skjedd med laksen i mange elver. Han understrekar at den einaste måten å unngå at oppdrett går utover det tradisjonelle fiske, er at all fiskeoppdrett må skje i rømmings- og utsleppsfrie anlegg. Kystfiskarlaget krev at ingen fleire får løyve til å driva med torskeoppdrett.

(©NPK)

Publisert: 27.01.2023 14:31

Sist oppdatert: 27.01.2023 14:32

Mer om