Kort fortalt

Fiskarar kastar fisk på havet

NPK
03.05.2023

(NPK): Kystvakta si overvaking viser at fiskarar framleis driv ulovleg utkast av fisk.

I tillegg til at ulovleg kasting av fisk er sløsing, blir fisken heller ikkje registrert i fangststatistikken, melder Fiskeribladet. Så langt i år har Kystvaktas overvakingsfly vore på 68 tokt langs kysten. Det har resultert i 8–10 saker som kan bli melde til politiet.

– Det er skuffande at nokon framleis vel denne løysinga etter alt som har vore sagt og skrive om utkast, seier Erling H. Øksenvåg, leiar for kontroll og etterforsking ved Kystvaktas base på Sortland til Fiskeribladet.

Publisert: 03.05.2023 13:50

Sist oppdatert: 03.05.2023 13:50

Mer om