NPK: Fiskarlaget etterlyser ein forvaltingsplan for norske havområde før det blir gitt løyve til fleire vindmøller til havs.
– Ein kan ikkje berre flytte ut på havet det ein ikkje vil sjå på til lands, seier Jan Magne Silden i Sogn og Fjordane fiskarlag, til .
Sogn og Fjordane fiskarlag meiner ein heilskapleg forvaltingsplan for norsk økonomisk sone må på plass før det blir gitt løyve til fleire vindmøller til havs. Dei får støtte frå leiinga i Noregs Fiskarlag, som har bede regjeringa utarbeide ei stortingsmelding om korleis havområda skal brukast. Dei fryktar at vindmøller og fiske vil konkurrere om dei same områda.
– Planlegginga er for dårleg og det blir lagt for lite konkrete planar for å ta vare på næringane som alt er der, seier Kjell Ingebrigtsen, leiar i Noregs Fiskarlag.
Nyleg løyvde staten 2,3 milliardar kroner til Equinor-havvindprosjektet Hywind Tampen.
Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) meiner begge næringane kan eksistere side om side.
– Dette er ikkje eit spørsmål om anten eller, men både og. Eg er sikker på at det er mogleg å finne løysingar som varetek fiskeriinteresser dersom det blir bygd ut havvind i norske farvatn, skriv Freiberg i ein e-post til NRK.
Olje- og energidepartementet har no på høyring eit forslag til kva område som kan opnast for fornybar energiproduksjon til havs, og oppmodar alle interesserte til å ytre seg.

Publisert: 27.08.2019 13:25
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:33