Årsmøtet i bransjeorganisasjonen Fiskebåt følgjer rådet frå styret og set spørsmålet om utmelding av Noregs Fiskarlag på vent, til landsmøtet i Norges Fiskarlag i haust.
Fram til starten av februar i år låg det an til at Fiskebåt skulle vedta utmelding på landsmøtet sitt. Etter at Nord Fiskarlag kalla inn til ekstraordinært årsmøte og kom Fiskebåt i møte, rår styret i Fiskebåt til at spørsmålet om utmelding blir utsett til landsmøtet i Norges Fiskarlag i haust.
Fiskebåt organiserer eigarane av den havgåande fiskeflåten og krev mellom anna at dei og dei to andre underorganisasjonane, Nord Fiskarlag og Sør-Norges Fiskarlag, skal vere likt representert i Norges Fiskarlag sine styrande organ. I dag har Nord Fiskarlag fleire representantar ein dei to andre og kan dermed blokkere vedtak som krev to tredjedels fleirtal.
Fiskebåt krev og at Norges Fiskarlag skal ha eit vedtak om at fordelinga av fiskekvotar mellom ulike fartøy og fartøygrupper ikkje skal endrast, utan eit kvalifisert fleirtal.
Publisert: 12.02.2025 10:45
Sist oppdatert: 12.02.2025 10:51