(NPK): Etter fire år med forsking, kan forskarar ved Havforskingsinstituttet slå fast at organisk mineraltilskot i fiskefôret vil vere meir effektivt for at oppdrettslaksen skal vekse. Samstundes vil mindre mineral sleppe ut og forureine naturen.
– I dag er det vanleg å tilsetja mineral i fôret til oppdrettsfisk, men som regel er det mineral i uorganiske former, i form av salt. Mykje av det bind seg til saltet i sjøvatnet, og blir utilgjengeleg for fisken. Difor går det i staden ut i miljøet, seier leiaren for prosjektet, forskar Antony Philip, i eit nyhendebrev frå .
For at fisken skal vekse seg større, sterkare og sunnare, tilset oppdrettarane mineral i fiskefôret. Ettersom næringa i større grad har gått over til å nytte plantebasert fôr, har tilføringa av mineral vorte meir aktuelt.
Minerala som er i plantefôret er mindre tilgjengeleg for fisken. Ved å auke tilskot av uorganisk mineral, vil ein også få større utslepp. Mineral som sink, selen og koppar kan i større mengder vere til skade for miljøet i havet.
– I staden kan ein tilsetja mineral i organisk form. Då kan fisken ta opp meir av mineralet, og mindre går ut i miljøet, forklarer Philip i nyhendebrevet til Havforskingsinstituttet.
Helsa og storleiken på fisken vil heller ikkje lide tap, sjølv om ein tilset mineral i mindre dosar enn før.
(©NPK)

Publisert: 28.10.2019 15:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32