Kort fortalt

Fiskenæringa ønskjer vindkraftdiskusjon

Vert ikkje høyrde om stort Equinor-prosjekt.

04.10.2019
NPK: Noregs Fiskarlag meiner dei ikkje har blitt høyrde i samband med havvind-prosjektet til Eqinor i Nordsjøen. No ber dei om eit møte med Olje- og energiministeren og Fiskeri- og sjøfartsministeren.
Det skriv
I eit brev oversendt frå Norges Fiskarlag til dei to statsrådane tidlegare denne veka, viser Fiskarlaget til erfaringane dei så langt sit igjen med i samband med det planlagde havvindprosjektet «Hywind Tampen» i dei nordlege delane av Nordsjøen.
– Vi understrekar i brevet til dei to statsrådane at Norges Fiskarlag ikkje kan akseptere ei utbygging av havvind på norsk sokkel som ikkje tar omsyn til norsk fiskerinæring. Vi har difor bedt olje- og energiministeren og fiskeri- og sjømatministeren komme på bana, og medverke til at Equinor faktisk tar omsyn til innspela våre, skriv Fiskarlaget på heimesidene sine.

Publisert: 04.10.2019 13:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32