Stygt vêr hindra fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss frå rekke fram landsmøtet til Norges Fiskarlag i dag.
Ho kom seg ikkje i lufta i tide.
Hennar innlegg blir i staden framført av statsekretær Kristina Hansen (Ap).
Sivertsen Næss skulle halde talen sin under programposten "Forutsigbar fiskeripolitikk og stabil ressursfordeling".
Det er eit tema som går rett inn i det store stridsspørsmålet på landsmøtet, konflikten om omfordeling av fiskekvoter og at underorganisasjonen Fiskebåt vurderer å melde seg ut.
Publisert: 18.11.2025 14:08
Sist oppdatert: 18.11.2025 14:08






