NPK: – Equinor tar ikkje omsyn til fiskeinteressene i det planlagte prosjektet sitt «Hywind», meiner Fiskarlaget og Fiskebåt i eit høyringssvar. Det er planlagt vindturbinar midt blant fiskefelta i Nordsjøen.
Dei 11 vindturbinane med kapasitet på åtte megawatt skal forsyne oljeinstallasjonane Gullfaks og Snorre med fornybar elektrisk energi.
I høyringsbrevet frå Fiskarlaget og Fiskebåt kjem det fram at konsekvensutgreiinga ikkje er tilstrekkeleg når det gjeld vurdering av alternativ plassering av vindturbinane. Dei to interesseorganisasjonane krev derfor at det blir gjort ei ny vurdering av plasseringa, sidan den planlagte plasseringa av turbinane er i eit område med stor fiskeriaktivitet.
Fiskeriorganisasjonane har forståing for at Equinor må redusere CO2-utsleppa på norsk sokkel, men hadde håpa at Equinor tok omsyn til innspel som er komme om plassesinga av vindturbinane.
– Konsekvensane for fiskeria er ikkje vurdert på ein tilstrekkeleg måte i denne saka, og Equinor har ikkje lytta til, eller vurdert våre og Fiskeridirektoratet sine innspel i tilstrekkeleg grad, heiter det i høyringssvaret.

Publisert: 07.06.2019 17:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34