Kort fortalt

Fiskeslakteria under lupa

Mattilsynet skal sjekke helse og velferd.

NPK
12.05.2021

Mattilsynet har planar om ein omfattande tilsynskampanje på norske fiskeslakteri i 2022.

Bakgrunn for kampanjen er at ei kartlegging frå 2020 avdekte at ikkje alle fiskeslakteri følgjer krava som er sette til fiskehelse og fiskevelferd, opplyser Mattilsynet.

Det vart funne mange brot på slakteriforskrifta og på forskrifta om desinfeksjon av vatn i akvakultur.

Kartlegginga viste også at det er ein del misforståingar rundt ordningane for godkjenning.

I år skal Mattilsynet informere og rettleie slik at fiskeslakteria får tid til å rette opp eventuelle manglar før tilsynsaksjonen neste år. I samband med dette har Mattilsynet laga rettleiingsmateriell for verksemdene.

Publisert: 12.05.2021 15:24

Sist oppdatert: 12.05.2021 15:25

Mer om