Frå 1. juli blir 10-knopgrensa for båtførarar under 16 år fjerna. Fram til no har ikkje barn og ungdom under 16 år fått lov til å føre båtar med meir enn 10 hestekrefter eller som går fortare enn 10 knop.
Det skriv regjeringa.no
– Vi har fått fleire tilbakemeldingar frå unge båtførarar om at 10-knopgrensa er vanskeleg å ta omsyn til. Å kunne køyre båt er ein fridom eg unner dei unge i sommar, så no er det berre talet på hestekrefter som avgjer kva båt du kan føre. Med dette vil vi og Sjøfartsdirektoratet gjere regelverket enklare – både for dei som fører båten og dei som skal handheve regelverket, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Motorkrafta vil framleis vere avgrensa til maksimalt 10 hestekrefter.
Publisert: 03.07.2021 09:31
Sist oppdatert: 03.07.2021 09:32