Kort fortalt

Fjord1-kontrakt i Stavanger

Skal drifte bybåtane i Stavanger.

NPK
12.06.2023

(NPK): Fjord1 er i måndag tildelt ein treårig kontrakt for drift av snøggbåtar i Rogaland.

Det er snakk om båtrutene til byøyane og Hommersåk utanfor Stavanger og Sandnes. Det er den andre miljøkontrakten til Fjord1 innan snøggbåtdrift, melder selskapet i ei pressemelding.

Kontrakten er gjeldande frå 1. januar 2024, og i løpet av det første året vil Fjord1 fase inn eit ombygd elektrisk fartøy, i tillegg til «Medstraum» som trafikkerer sambandet i dag.

– Det er veldig gledeleg at den store satsinga vår innan miljøvenleg teknologi innanfor snøggbåt slår ut i konkrete resultat. Med dette har selskapet bybåtane både i Stavanger og Bergen, seier driftsdirektør Andre Høyset,

Fjord1 skal drifte alle bybåtrutene i Bergen, Nordhordlandsruta og Askøyruta i 15 år frå 2025 til 2040.

Publisert: 12.06.2023 20:39

Sist oppdatert: 12.06.2023 20:39

Mer om