Fjord1 med fjordtur i Indre Sogn
Skal gå gjennom Nærøyfjorden.
I sommar kan du bli med på det historiske ferjeturen mellom Kaupanger-Gudvangen og få med deg storslått natur i same slengen.
Den 15. juni opna Fjord1 ferjesambandet mellom Kaupanger-Gudvangen, skriv selskapet i ei pressemelding.
Ferjeturen tek om lag 2,5 timar og går gjennom Nærøyfjorden i Indre Sogn.
– Som alltid ønskjer Fjord1 å gi reisande ei god oppleving, men denne turen er spesielt stas å kunne tilby, seier driftsdirektør Andrè Høyset i Fjord1.
Etter to somrar med pandemi og redusert aktivitet i reiselivet, blir årets sesong spennande.
– Det er gledeleg å kunne stadfeste at vi allereie dei første dagane seglar med høgt belegg, fortel Høyset.
Publisert: 29.06.2022 09:57
Sist oppdatert: 29.06.2022 09:59