Kort fortalt

Fjord1-tap i retten

Må betale oppreising til kapteinar.

03.05.2022

Etter tap i tingretten fekk to kapteinar i Fjord1 medhald i Lagmannsretten, skriv Sunnmørsposten.

Dei to var ein del av ei prøveordning der eldre arbeidstakarar kunne dele ei stilling. Då ordninga vart gjort permanent vart ikkje kapteinar omfatta av den. Dei to kapteinane meinte dei hadde rett til å stå i delt stilling, og fekk medhald i lagmannsretten.

Fjord1 er dømt til å betale kapteinane 40.000 kroner i oppreising til kvar kaptein.

Publisert: 03.05.2022 07:02

Sist oppdatert: 03.05.2022 07:10