Kort fortalt

Fjordane Bioenergi er konkurs

Inntektsfall og underskot i fleire år.

10.08.2024

Fjordane Bioenergi i Stryn dreiv mellom anna med produksjon av flis til flisfyringsanlegg.

No er det opna konkurs i selskapet. Thore Heggen er oppnemd til bustyrar og første skiftesamling er 30. september.

Fram til toppen i 2018 vaks inntektene, til 12,5 millionar kroner. Dessverre for selskapet vart 2018 også eit vendepunkt i negativ lei, med eit underkot på 1,9 millionar kroner. Med unntak av eit lite overskot i 2020 har Fjordane Bioenergi gått i minus sidan, samstundes som inntektene har gått ned.

I fjor hadde selskapet 2,6 millionar kroner i driftsinntekt og minus 0,6 millionar kroner i resultat før skatt. Den bokført eigenkapitalen har vore negativ frå og med 2019.

Styreleiar og dagleg leiar Norleif Stuhaug er største eigar.

Publisert: 10.08.2024 08:34

Sist oppdatert: 10.08.2024 08:34