Fjordenes Tidende årets lokalavis
Måløy-avisa fekk pris.
Prisen vart delt ut under landsmøtet i Landslaget for lokalaviser (LLA) i Ålesund laurdag.
Juryen roser Fjordenes Tidende for måten dei dyrkar fram dei nye formata på, med podkast, streaming, studiosendingar og aktiv bruk av sosiale medium. Avisa får skryt for å prioritere nett, samtidig som papiravisa blir opplevd som eit premiumprodukt.
Kulingen og Vest-Telemark blad fekk heiderleg omtale i konkurransen om å bli Årets lokalavis.
I tillegg til Årets lokalavis vart desse hovudprisane delte ut.
- Årets lokalavisfoto: Elias Dahlen, Hallingdølen
- LLAs marknadspris: Hordaland Folkeblad
- LLAs journalistprisar: Hallingdølen og Sara Finne med kollegaer i Avisa Hordaland
- Årets digitale satsing: Frostingen
- Årets lokalavisside: Hallingdølen
Fredag fekk Hilde Dypaune, tidlegare Saltenposten i Fauske, LLAs heiderspris.
Øystein Øygarden, Vest-Telemark blad, vart attvald som styreleiar i LLA. Øygarden har med seg desse i styret: Tone Sidsel Sanden, Dølen, (nestleiar), Camilla Skaar, Hordaland Folkeblad, (nestleiar), Knut Martinsen, Avisa Hemnes, Trude Hiller, Steinkjer-Avisa, Svend Arne Vee, Firdaposten og Lillian Holden, Hallingdølen.
Varamedlemmer: Reidar Hystad, Sunnhordland, (fast møtande), Liv Maren Mæhre Vold, Alvdal midt i Væla og Christopher Johansen, Vennesla Tidende.
(©NPK)
Publisert: 21.03.2022 10:32
Sist oppdatert: 21.03.2022 10:34