NPK-NTB: Fjordkraft blir straffa med eit gebyr på 400.000 kroner for å ha ringt straumkundar for å selje mobilabonnement, sjølv om kundane hadde reservert seg.
– Fjordkraft har gjort seg skuldig i klare brot på reglane om telefonsal. Det er alvorleg at ein så stor aktør ikkje følgjer reglane, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i .
Gebyret er redusert frå 500.000 kroner som var varsla tidlegare i haust. Ifølgje Forbrukartilsynet har Fjordkraft i mellomtida komme med nye opplysningar som har ført til at gebyret er blitt redusert.
Fjordkraft har opplyst at dei i 2017 og i 2018 har kontakta 12.020 kraftkundar som hadde reservert seg mot telefonsal i Reservasjonsregisteret, for å selje den nye mobiltenesta. Straumselskapet har tidlegare opplyst at dei var av den oppfatning at personane kunne kontaktast ettersom dei hadde eit eksisterande kundeforhold. Forbrukartilsynet understrekar likevel at det blir stilt krav til at ytingane som kan bli tilbydd, skal vere tilsvarande.
«Etter Forbrukertilsynets vurdering er det derfor åpenbart at det i det foreliggende tilfellet ikke er tale om tilsvarende ytelser. Unntaket fra forbudet mot å kontakte reserverte forbrukere (...) kommer derfor ikke til anvendelse, noe også Fjordkraft har erkjent,» skriv Forbrukartilsynet i .
Selskapet kan klage vedtaket inn til Marknadsrådet innan tre veker.

Publisert: 23.10.2018 14:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37