Kort fortalt

Flåm vert Norway's best

Satsar på Geiranger og Hjørundfjorden.

NPK
03.03.2021

Reiselivsselskapet Flåm AS skiftar namn til Norway's best AS for å styrkje norske reisemål blant nordmenn og utanlandske turistar.

– Etableringa av merkevara Norway’s best er vår mest ambisiøse satsing til no, og er eit prosjekt vi har jobba med i over to år. Vi ser eit kjempepotensial i norsk reiselivsbransje, men også eit stort behov for profesjonalisering og berekraftig organisering. Ei satsing som inkluderer utvikling av kvalitetsreisemål og -produkt over heile Noreg er eit naturleg neste skritt for oss, seier Solrun Hjelleflat, konsernsjef i Flåm AS, i ei pressemelding omtalt i Sogn Avis.

I tillegg til Flåm og dei produkta som vert tilbydd der, vil merkevara Norway’s best frå starten av også inkludere turistattraksjonar i Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hardanger, Hjørundfjorden, Lofoten og Narvik.

Publisert: 03.03.2021 10:19

Sist oppdatert: 03.03.2021 10:20