Kort fortalt

Fleire arbeider i staten

Oppe i 166.000 tilsette.

30.04.2019
NPK-NTB: I 2018 var det i underkant av 166.000 tilsette i staten, ein auke på 1,1 prosent frå året før, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.
Tala omfattar departementa, Stortinget, Sametinget, Domstolane i Noreg og Statsministerens kontor, med underliggjande verksemder.
Helseføretaka og offentleg kontrollert statleg forretningsdrift og statleg eigde aksjeselskap er ikkje med.
Flest avtalte årsverk i staten vart utførte i Oslo i 2018 med 28,2 prosent. Deretter følgjer Trøndelag med 9,4 prosent og Hordaland med 8,2 prosent.

Publisert: 30.04.2019 14:09

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35