Fleire bankar hever renta
Første meldingane om auke.
(NETT.NO-NPK-NTB): Nordea aukar renta på bustadlån- og innskot med 0,5 prosentpoeng etter Noregs Banks renteheving torsdag.
Det same gjer Sparebank 1 SMN og Sparebanken Møre, ifølgje meldingar frå bankane fredag.
DNBs sjeføkonom Kjersti Haugland trur Noregs Bank vil følgje planen om renteheving på kvart rentemøte fram til mars neste år, men stanse opp på 2,75 prosen.
I ein rapport fredag peikar ho på at norske hushald med historisk høg gjeldsgrad er meir rentekjenslevare enn før. Ho viser til at Noregs Bank sjølv har kutta betydeleg i anslaga sine for forbruksveksten neste år.
– Får vi rett i at den økonomiske utviklinga ute blir dystrare enn Noregs Bank anslår, vil også det bidra til at rentehoppa stansar opp tidlegare enn planlagt, skriv Haugland.
Publisert: 24.06.2022 17:23
Sist oppdatert: 24.06.2022 17:26