NPK-NTB: Rundt ein av ti kommunar har vore utsette for dataangrep som førte til tap av data eller arbeidstid det siste året.
Men kommunane slit med å skaffe IKT-spesialistar.
Det viser tal frå .
Tre av fire statlege verksemder som har prøvd å tilsetje IKT-spesialistar det siste året har opplevd problem med dette. For kommunane er dette talet 36 prosent.
Med problem blir det meint at det har tatt meir enn tre månader å få rekruttert nokon med ønskt kompetanse, eller at verksemda eller kommunen måtte tilsetje nokon med ein annan formell kompetanse enn den dei søkte etter.
Fleire rapporterer om slike problem no enn ved førre undersøking i 2018. Det gjeld både statlege verksemder, kommunar og fylkeskommunar.
I statlege føretak har 73 prosent av verksemdene som har prøvd å rekruttere spesialistar opplevd problem det siste året. I 2018 var dette talet 55 prosent.
Det er likevel store variasjonar innanfor sektoren.
Blant kommunane svarte 36 prosent at dei opplevde problem i 2019, mot 32 prosent året før.
Stadig fleire statlege verksemder rapporterer òg at manglande kompetanse i stor eller ganske stor grad er eit hinder for utviklinga av digitale løysingar. Delen har auka jamleg sidan 2013 – det første året med tilgjengelege tal.
I 2019 rapporterte 36 prosent av dei statlege verksemdene om mangel på kompetanse som eit problem. For kommunar er delen 43 prosent.

Publisert: 29.04.2019 10:31
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35