(NPK): Fleire fiskebåtar har denne hausten levert fangsten sin til dansk industri framfor den norske, der silda blir selt på auksjon.
– Me forventar ein mykje større lojalitet til norsk fiskeindustri, seier Geir Ove Ystmark i NHO-foreininga Sjømat Norge til Fiskeribladet.
Ifølgje Fiskeribladet sine berekningar blir silda seld for minst éi krone meir per kilo i Danmark.
Ystmark meiner fiskarane som sel til danskane ikkje forstår samfunnskontrakten sin, medan fiskarar bladet har snakka med, meiner dei berre følgjer marknaden.
– Dette er ei veldig tydeleg oppmoding om at vi forventar ein mykje større lojalitet til norsk fiskeindustri. Dei må sjå at fiskeindustrien kjem i ein større skvis no med store kvotekutt, seier Ystmark til Fiskeribladet.
(©NPK)
Publisert: 07.11.2025 10:51
Sist oppdatert: 07.11.2025 10:51





