- Fleire fiskeri ikkje lenger lønsame
Årsaka er auka drivstoffutgifter.
Noregs Fiskarlag har no kome med innspel til revidert nasjonalbudsjett for 2022 og i brevet ber dei Stortinget om å justere element i kompensasjonsordninga for CO2-avgifta. Samstundes er dei skuffa over at regjeringa ikkje kom med avhjelpande tiltak i drivstoffprisar for fiskeflåten.
Fiskarlaget peiker på at drivstoffkostnadene er i ferd med å øydeleggje lønnsemda i fleire viktige fiskeri, og kystrekefisket aller hardast.
– Aktiviteten er redusert betydeleg, og fleire fiskeri lèt seg ikkje gjennomføre, viser Heggebø til og fortel at Noregs Fiskarlag derfor foreslår og meiner at kompensasjonsordninga for CO2-avgifta må justerast, seier leiar Kåre Heggebø i Fiskarlaget.
(©NPK)
Publisert: 20.05.2022 15:50
Sist oppdatert: 20.05.2022 15:53