Kort fortalt

Fleire gebyr for ulovleg fiske

Men færre meldingar i år.

NPK
15.11.2022

(NPK): På grunn av innføringa av straffegebyr i lakseoppsynet, har SNO levert færre meldingar for ulovleg fiske samanlikna med tidlegare år. Likevel er det blitt delt ut fleire gebyr enn tidlegare.

Totalt har Statens naturoppsyn (SNO) meldt 30 personar for brot på lakse- og innlandsfiskelova i 2022 mot 43 i fjor. SNO har i tillegg gjort 138 inndragingar av ulovlege garn, noko som også er færre enn i fjor.

– Dei siste fem åra har vi sett ein tydeleg nedgang i talet på brot på lakselova, og dette er ein trend som held fram. Spesielt i Troms og Finnmark og Nordland ser vi ein markant nedgang, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har i år gitt varsel om 30 straffegebyr for ulovleg fiske. Straffegebyr blir gitt for mindre alvorlege lovbrot som tidlegare har vorte meldt til politiet. Straffegebyra er i hovudsak gitt i Agder, Vestland og Troms og Finnmark, og er frå 3000 til 12.000 kr.

Sjølv om talet på politimeldingar og inndragingar har gått ned, avdekkjer SNO fleire lovbrot i forhold til talet på kontrollar enn før. I 2022 førte kvar fjerde kontroll til anten inndraging, straffegebyr eller melding.

Det er fordi SNO har gjort meir oppsyn i område der problemet med ulovlege fiske er størst, og ikkje minst på grunn av tips frå publikum.

– Det er tydeleg at folk synest ulovleg fiske er ugreitt. Vi set stor pris på tipsa vi får, og vi er heilt avhengig av tips frå publikum for å verne sårbar laks og sjøaure mot ulovleg fiske, seier Hambro.

(©NPK)

Publisert: 15.11.2022 15:36

Sist oppdatert: 15.11.2022 15:38

Mer om