NPK-NTB: Talet på studentar med over ein million kroner i studiegjeld har firedobla seg på fem år. Uansvarleg gjeldspålegging, meiner Ansa-president.
I fjor føydde 46 studentar seg inn i rekkja av totalt 309 nordmenn med studiegjeld i millionklassa. Studentar i utlandet utgjer dei fleste av desse, og med innføringa av ei ny låneordning er talet venta å stige, skriv .
I 2017 vart det innført eit tilleggslån på opptil 101.800 kroner for studentar som må betale skulepengar på meir enn 131.386 kroner i året. Ifølgje Lånekassen har om lag 5.200 studentar allereie nytta seg av dette.
Ansa-president Ole Kristian Bratset trur denne innføringa vil gi fleire studielån i millionklassa og kallar det ei uansvarleg gjeldspålegging.
– Det er brei politisk semje om at ein ønsker internasjonal kompetanse, og då må politikarane ta ein større del av rekninga, seier Bratset. Han viser til at ein bachelor og master i utlandet kan ende opp med å koste 1,3 millionar kroner.
Men kunnskapsminister Iselin Nybø (V) avviser at låneordninga er uansvarleg og meiner det gir fleksibilitet til studentar som vel å reise utanlands.
– Har du budd i eit land i fem år, så har du fått ei rekning, og du veit kva det kostar, seier ho og legg til:
– Dette er folk som får seg svært gode utdanningar og vil få gode jobbar.

Publisert: 03.07.2018 08:20
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38