Talet på aksjar i Havila Shipping er auka med 1.672.500 til totalt 23.776.300 aksjar.
Dette skjer etter at selskapet har seld ein av sine gamle PSV-ar, opplyser selskapet i ei børsmelding.
I samband med salet er det erklært utøving av 820.180 teikningsrettar knytt til konvertering av udekka gjeld til aksjar.
I tillegg får hovudaksjonæren Havila Holding 852.230 nye aksjar gjennom utøving av teikningsrettar som følgje av avtale om konvertibelt lån.
Havila Shipping opplyser at salet av skipet vil medføre ei ubetydeleg justering av eigenkapitalverdien og vil ha uvesentleg virkning og ingen likviditetseffekt.
Styret har på denne bakgrunn vedteke kapitalutvidinga på 1.672.500 kroner med eit tilsvarande antal aksjar - kvar pålydande ei krone.

Publisert: 20.08.2018 13:11
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37