Kort fortalt

Fleire mista livet på jobb til sjøs

Auke i dødsfall om bord på næringsfartøy i fjor.

Marius Rosbach
09.04.2024

(NPK): Ti personar mista livet om bord i næringsfartøy i fjor. Det er ein auke på 43 prosent frå 2022. Det totale antalet på ulukker gjekk likevel ned i 2023.

– Det er trist å sjå ei negativ utvikling, at talet på omkomne i fjor auka frå året før. Sjøfartsdirektoratet jobbar saman med den maritime næringa for at alle sjøfolk skal koma trygt heim igjen, seier fungerande sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim i ei pressemelding.

Fem av dei ti personane som mista livet på eit næringsfartøy i fjor døydde på fiskefartøy. Fire omkom på lasteskip, og ein person på eit passasjerskip. Totalt døydde ni av ti som følgje av fallhendingar. Det er registrert 1078 hendingar, jamt fordelt mellom nestenulukker og faktiske ulukker.

Antalet ulukker gjekk ned frå 599 i 2022 til 534 i 2023. 266 av dei var skipsulukker og 268 av dei personulukker.

– Det er positivt at ulukkene blir færre. Sjøfartsdirektoratet jobbar for å betra tryggleiken for liv, helse, miljø og materielle verdiar på fartøy med norsk flagg, og utanlandske fartøy i norsk farvatn.

(©NPK)

Publisert: 09.04.2024 12:35

Sist oppdatert: 09.04.2024 12:35

Mer om