Kort fortalt

Fleire på elbilferie

30 prosent auke sidan 2017.

10.07.2018
NPK: Det er 37 prosent som brukar elbilen sin på ferieturar med minst ei overnatting, går det fram av den årlege spørjeundersøkinga Elbilisten gjennomført av Norsk elbilforening. Det er ein auke frå 30 prosent i 2017.
– Elbilistane er svært nøgde med elbilen sin og ønskjer også å bruke den på dei lengre turane. Elbilane er billige i drift og med lengre rekkevidde og tilgang til hurtigladestasjonar i heile landet vil elbilen kunne bli erstatninga på alle bilturar, ikkje berre på dei daglege reisene, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening i ei pressemelding.
Elbilisten 2018 viser også at stadig fleire brukar hurtiglading som eit supplement til heimelading når dei har behov for påfyll av straum undervegs. I 2017 var det 23 prosent som aldri hadde hurtiglada, i 2018 var den same delen berre 16 prosent.

Publisert: 10.07.2018 10:41

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:38