Kort fortalt

Fleire sjekkar kvar kjøttet kjem frå

Stadig fleire sjekkar opphavsmerkinga på kjøtt

NPK
28.12.2021

På ei tidsperiode på seks år har talet på dei som alltid sjekkar opphavsmerkinga på kjøtt gått frå 27 prosent i 2015 til 40, 2 prosent i 2021, viser ei undersøking gjennomført av InFact på vegner av Nationen.

Andelen som aldri sjekkar har gått ned frå 45 prosent til 22 prosent.

Anders Nordstad, generalsekretær i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, meiner undersøkinga viser at folk har forstått verdien av norsk landbruk og norsk mat.

Økonom og førsteamanuensis ved BI Bergen, Ivar Gaasland, er på den andre sida meir skeptisk til om svara i undersøkinga faktisk reflekterer kva kundane verdset.

Han peiker på at mange nordmenn handlar i Sverige, og meiner det gir ein betre indikasjon på kva nordmenn prioriterer i butikken.

– Dei som handlar i Sverige er ikkje redde for å kjøpe utanlandsk mat. Forbrukarar på svenskehandel tenkjer med lommeboka, seier Gaasland.

Nordstad meiner det er viktig at folk kjøper mest mogleg norsk mat.

– Landbruket i Noreg bidrar til mykje anna positivt til samfunnet, som spreidd busetnad, levande kulturlandskap, biologisk mangfald og levande distrikt, seier han.

<p>(©NPK)</p>

Publisert: 28.12.2021 13:49

Sist oppdatert: 28.12.2021 13:50