NPK: Tal frå næringsdepartementet viser at det har blitt 87 fleire skip i Norsk Internasjonalt Skipsregister (NIS) sidan 2015.
– Det at me no har eit register som ikkje lek skip, er eit teikn på ein vellykka maritim politikk. Dette har vore eitt av måla våre i fleire år, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) til .
Næringsministeren viser til at 68 av desse skipa har flagga inn etter at NIS-skip frå 2016 har fått gå mellom norske hamner som del av ei europeisk rute.
– Når politikken legg til rette for å segla under norsk flagg, gir det oss ei moglegheit til å rekruttera og driva opplæring. Det gjer at me kan driva næringa vidare i Noreg, sjølv om bransjen står i ei krise, seier administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping til E24.
Selskapet er eitt av fleire som dei siste åra har flagga skip heim til norske skipsregister.
Mellom 2005 og 2013 blei det 134 færre skip i NIS. Ifølgje konjunkturrapporten for 2019 frå Rederiforbundet har 96 skip flagga inn til dei norske registera NIS og NOR (Norsk Ordinært Skipsregister) dei tre siste åra.

Publisert: 11.06.2019 15:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:34