NPK-NTB: I sommar sette utlendingar overnattingsrekord med 6,6 millionar overnattingar på norske hotell. Tyskarar er dei ivrigaste til å gjeste Noreg.
Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå måndag.
Både norske og utanlandske overnattingar auka i sommarmånadene, men det var dei utanlandske gjestene som hadde den største prosentvise veksten. I alt er det registrert 18,5 millionar hotelldøgn frå mai til og med august. Éin av tre gjester var utanlandske, viser tala.
Sidan 2015 har talet på norske gjester auka med 7 prosent, medan talet på utanlandske gjester har auka med heile 26 prosent.
Tyske turistar stod for nesten ein firedel, 1,5 millionar, av overnattingane i sommar, medan nederlendarar kjem på andreplass.
Ein annan nasjon som er verd å merke seg, er Kina, ifølgje SSB. Talet på kinesarane som bur på hotell i Noreg, har auka med 53 prosent sidan 2015. Også talet på amerikanske overnattingar er meir enn dobla.
(©NPK)

Publisert: 14.10.2019 11:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:32