NPK-NTB: Rentene er på veg opp, og det same er etterspørselen etter fastrentelån. Den skal auke ytterlegare mot slutten av året, melder norske bankar.
Den samla etterspørselen etter bustadlån frå hushalda låg uendra i tredje kvartal i år, og er venta å fortsette å vere det også i siste kvartal. Derimot er det i tredje kvartal registrert auka etterspørsel etter lån med fastrente, ei utvikling som skal fortsette mot slutten av året.
Det viser Norges Banks utlånsundersøking, som vart offentleggjort torsdag formiddag.
At fleire hushald ber om bustadlån med fast rente har truleg samanheng med at sentralbanken sette opp styringsrenta i september, og dei fleste bankane har følgt etter med rentehevingar på sine bustadlån. Noregs Banks rentebane varslar ein jamn auke av rentenivået fram mot 2021 til det femdobbelte av botnnivået på 0,5 prosent.
«Økningene i boliglånsrentene som ble varslet av bankane etter hevingen av styringsrenten, vil tre i full kraft i fjerde kvartal», heiter det i utlånsrapporten.
Bankane varslar også at dei tente noko mindre på bustadlån i tredje kvartal, fordi rentenivået i mesteparten av perioden låg uendra, mens finansieringskostnadane auka. Utlånsmarginen er venta å auke igjen i fjerde kvartal som følgje av høgare renter.

Publisert: 18.10.2018 12:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:37