Kort fortalt

Fleire vil ut av Ålesund

Folk på Ona og Sandøya vil ut av kommunen.

NPK
12.10.2022

Etter at Haram fekk ja til å forlate Ålesund, har innbyggjarane lengst nord i storkommunen også bede om å få skifte kommune.

36 av 41 innbyggjarar har skrive under søknaden om å skifte frå Ålesund kommune til Aukra kommune, som blir levert til statsforvaltaren onsdag.

Talsmann for øyfolket, Oddgeir Viken, seier at dei set sitt håp til at dei også blir høyrde, melder NRK Møre og Romsdal.

Ona og Sandøya var tidlegare ein del av Sandøy kommune, som vart slått saman med Ålesund frå 1. januar 2020.

Arve Linningsvold, som er ein av initiativtakarane til underskriftsaksjonen, seier at dei som bur på dei to øyane, har ein mykje sterkare identitet og tilknyting til Aukra og Molde.

Varaordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) i Ålesund seier at søknaden ikkje kjem uventa, og at dei vil ta saka opp som ei eiga sak i kommunestyret. Tidlegare har innbyggjarane på øya Orta fått skifte kommune frå Ålesund og Aukra.

Publisert: 12.10.2022 16:38

Sist oppdatert: 12.10.2022 16:39

Mer om