Kort fortalt

Fleire vurderer å selje hytta

Mange slit med høge utgifter.

NPK
31.03.2023

I ei ny spørjeundersøking frå Norges Hytteforbund seier nesten 16 prosent av dei spurde at dei vurderer å selje hytta.

Hytteforbundet spurt medlemmene sine om korleis høge straumprisar, auka renter og inflasjon har påverka bruken til hytteeigarane av fritidsbustaden, skriv Nationen.

– At heile 16 prosent no har planar om å selje hytta er svært overraskande. Vi veit at ein god del av desse er pensjonistar. Nokre i denne gruppa er minstepensjonistar som, på grunn av auka prisar og rekordhøge straumutgifter, dessverre ikkje lenger har råd til behalde fritidsbustaden som kanskje har vore i familien i generasjonar, seier leiar i Norges Hytteforbund (NHF), Trond G. Hagen, til avisa.

Rundt 61 prosent oppgir at dei bruker hytta mindre på grunn av dei høge straumprisane. 36 prosent seier dei ikkje har endra bruksfrekvensen.

Publisert: 31.03.2023 08:15

Sist oppdatert: 31.03.2023 08:15