Fleirtal vil stramme inn på turistfiske
Vil redusere eller fjerne kvote.
(NPK-NTB): Fleirtalet av nordmenn ønskjer å redusere eller fjerne kvoten på 18 kilo fiskefilet som turistar kan ta med ut av landet, viser ei meiningsmåling.
Blant 1120 respondentar i ei meiningsmåling som Norstat har gjort for NRK , svarer 38 prosent at kvoten bør reduserast, medan 17 prosent svarer at det ikkje bør vere tillate for turistar å ta med fisk ut av landet i det heile.
29 prosent svarer at ordninga bør halde fram som i dag, og 2 prosent svarer at det ikkje bør vere avgrensingar. Tilsvarande svarer at kvoten bør aukast.
Utførselskvoten tillèt i dag turistar å ta med seg opp til 18 kilo fiskefilet ut av landet.
Det siste halvåret har talet på beslag av turistfanget fisk auka, viser tal frå Tolletaten som NRK har fått innsyn i. Så langt i sommar er 7,6 tonn fiskefilet beslaglagd ved norske grenseovergangar og flyplassar.
(©NTB)
Publisert: 22.07.2024 08:49
Sist oppdatert: 22.07.2024 08:49