Kort fortalt

Fleirtalet positive til vaksinepass

Berre 17 prosent er negative.

NPK
03.03.2021

Seks av ti nordmenn er positive til innføring av vaksinepass, medan 17 prosent er negative. Det viser ei gransking YouGov har gjort for Teknologirådet.

Eit digitalt vaksinepass på mobilen vil kunne gjere det mogleg å reise utanlands utan testing eller karantene for covid-19.

– Det vil lette situasjonen for veldig mange som skal reise ut av landet, og for arbeidspendlarar som skal inn til landet, som då kan sleppe karantene, seier direktør i Teknologirådet, Tore Tennøe, til NRK.

Undersøkinga viser at folk er positive til å gjenopne grensene ved å kunne vise fram eit vaksinepass. Men dei er meir skeptisk til innanlands bruk.

– Det kan vere at du må vise vaksinepass for å komme inn på ein konsert eller fotballkamp. Då minkar aksepten for vaksinepasset, seier Tennøe.

Undersøkinga viser at 58 prosent meiner det kan skape press om å ta vaksinen.

Tennøe seier det kan opplevast som urettferdig at dei som har fått vaksinen kan bevege seg friare enn dei som ikkje har fått vaksinen.

Folkehelseinstituttet verken rår frå eller anbefaler vaksinepass i Noreg.

– Vi har ikkje gitt nokon anbefalingar verken den eine eller andre vegen. Men vi har forklart departementet korleis eit slikt pass kan utformast. Vi har gitt uttrykk for ein del moglege ulemper av teknisk, medisinsk, etisk og juridisk art, seier overlege ved FHI, Preben Aavitsland, til NRK.

Publisert: 03.03.2021 12:10

Sist oppdatert: 03.03.2021 12:12