Ferje hurtigbåt fjord1 foto marius
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Kort fortalt

Fleirtalet vil vente med fylkeskutt

Ville ikkje gå inn for auka betaling på ferje, buss og hurtigbåt.

Marius Rosbach
02.04.2024

Fleirtalet i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal kom tysdag ikkje med nye kuttforslag for å få økonomien i fylkeskommunen til å gå opp.

I staden tok dei ein rekke kuttforslag frå administrasjonen til orientering, og vil kome tilbake med eigne kuttforslag. Tilsvarande vedtak blei gjort i kompetanse- og næringsutvalet og kultur- og folkehelseutvalet sine møter same dag.

Fylkeskommunedirektøren hadde mellom anna foreslått å auke betalinga på alle ferjesamband – utanom gratisrutene – med ei takstsone. Det vart også føreslått å heve betalinga for både periodebillett og Fram Ung på buss med 20 prosent. Også billettane på hurtigbåtsambanda vart føreslått auka med 20 prosent.

Bakgrunnen for framlegget er at fylkeskommunen har ein svært stram økonomi, samtidig som fleirtalet med Høgre og Frp i spissen, har sagt nei til fylkeskommunedirektørens tidlegare forslag.

Både konsekvensane av rekneskapen i 2023, endring av budsjett for inneverande år og innsparingskrav for 2024 skal til vidare behandling i fylkesutvalet og fylkestinget.

Publisert: 02.04.2024 20:14

Sist oppdatert: 02.04.2024 20:22

Mer om