Kort fortalt

Flest jenter tek høgare utdanning

60,7 prosent mot berre 39,3 prosent.

NPK
11.08.2022

Dei siste 20 åra har det vore eit tydeleg fleirtal kvinner blant dei som tek høgare utdanning. Denne trenden ser ut til å fortsetje.

I år er 60,7 prosent av dei som har fått studieplass, kvinner og berre 39,3 prosent er menn. Det er ein nedgang i delen menn på 0,5 prosent frå i fjor, skriv Khrono.

Samtidig er enkelte prestisjestudiar svært dominert av kvinner – slik dei har vore i ein del år no. Når universiteta opnar dørene i august er færre enn tre av ti av studentane i medisin, psykologi og odontologi menn. Under éin av ti av dei kommande veterinærane er menn.

– Dei siste 20 åra har delen kvinner i høgare utdanning lege temmeleg stabilt. På bachelornivå har delen kvinner gått litt ned, medan det er ein auke på masternivå. Men kvinneandelen har lege på omtrent 60 prosent sidan tusenårsskiftet, seier forskar Sara Seehuus ved Institutt for samfunnsforskning.

Kvinner har i gjennomsnitt hatt litt betre karakterar enn menn dei siste 100 åra, men høvet til å ta høgare utdanning opna seg for fullt først med utdanningsekspansjonen frå 1970-åra og utover. Då fekk kvinneandelen ein kraftig vekst, medan vi ser at kurva har flata ut dei siste åra.

Publisert: 11.08.2022 04:47

Sist oppdatert: 11.08.2022 04:48

Mer om