NTB l8wo Tpm Ok Cc
DELIKATESSE: Sjøkreps er ei delikatesse, og stadig meir blir fanga i teiner som gir betre kvalitet. Foto: Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet
Kort fortalt

Flest sjøkreps blir fanga i teiner

Meir berekraftig og gir betre pris.

NPK
22.04.2022

Yrkesfisket etter sjøkreps har dei siste tjue åra gått frå trål til teiner, viser ein ny studie. Det er både meir berekraftig og gir betre pris for krepsen.

– I 2021 var teinefisket dominerande blant yrkesfiskarar med landingar på over 400 tonn, medan trålfanga sjøkreps var berre rundt 150 tonn, fortel forskar Fabian Zimmermann på nettsida til Havforskingsinstituttet. Fram til 200-talet vart nesten all sjøkreps i Noreg fanga med trål.

Teinefiske er meir berekraftig fordi det påfører mindre skade på botnhabitatet, og det blir brukt mindre drivstoff i fisket. Samtidig får fiskarane i gjennomsnittet rundt 60 prosent betre betalt for teinefiska sjøkreps fordi kvaliteten er betre. Blant anna kan ein lagre teinefiska sjøkreps levande.

Det er registrert størst vekst i teinefisket på Vestlandet og nordover, medan ein ikkje ser tilsvarande vekst i Skagerak. Det er truleg fordi det er lov tråle heilt inn på 160 meters djup i Skagerak.

Studien viser også ein kraftig vekst i fritidsfisket etter sjøkreps, men det er ikkje tilgjengelege data for omfanget av dette.

– For å gi gode, presise forvaltningsråd er det viktig å vite kor mykje som blir fiska. I sjøkrepsfiskeriet, der det ser ut til at fritidsfisket er ein viktig faktor, er det behov for betre data på fangst. Ei påmeldingsordning, slik som i hummarfisket, ville styrkt datagrunnlaget betydeleg, seier Zimmermann.

Publisert: 22.04.2022 13:30

Sist oppdatert: 22.04.2022 13:32

Mer om