Kort fortalt

Flinke til å melde om reiskapstap

Norsk fiskarar best i Norden.

27.03.2019
NPK: Norske fiskarar er best i Norden til å følgje reglane om å melde frå om tap av fiskereiskap, hevdar nettverket Clean Nordic Oceans (CNO).
Fiskeridirektoratet ønskjer likevel at fiskarane skal bli endå betre.
– Sjølv om vi har Nordens beste fiskarar, er det dessverre slik at vi framleis finn reiskap som er dumpa eller ikkje meldt tapt. Det viser at det framleis er rom for forbetring, seier seniorrådgivar ved utviklingsseksjonen i direktoratet, Gjermund Langedal, i ei pressemelding.
Noreg er det einaste nordiske landet som følgjer opp meldingane frå fiskarane om tapt reiskap med årlege oppreinskingstokt leidd av Fiskeridirektoratet.
– Så mykje som 70 prosent av det vi tok opp i 2018 av garn og teiner, i tillegg til trål og snurrevad, blei levert tilbake til eigar, fortel Langedal.
Fiskeridirektoratet jobbar for å finne fleire gode løysingar for tilbakelevering i 2019.
– Viss alle reiskap blir brukt lovleg og alle tap blir meldt inn, gir det styresmaktene det beste utgangspunktet for å rydde reiskap og finne gode løysingar for resirkulering, seier Langedal.

Publisert: 27.03.2019 13:54

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35