NPK: Statens vegvesenet har overrekt eit forslag til statleg kommunedelplan for E39 Stord-Os til Samferdselsdepartementet. Dei ønsker å byggje flytebru over Bjørnefjorden.
Prosjektet, som er kalla Hordfast, skal gi landfast vegsamband på E39 mellom Stord og Bergen og ei 5,5 kilometer lang flytebru over Bjørnafjorden. Vegdirektør Terje Moe Gustavsen seier prosjektet vil endre samferdselen i Hordaland for alltid, og meiner det er eit prosjekt med uvanleg høg samfunnsnytte.
E39 Stord-Os har eit kostnadsoverslag på 35 milliardar kroner, der flytebrua utgjer 16,5 milliardar av dette. I Nasjonal transportplan ligg prosjektet inne med ei kostnadsramme på 40 milliardar kroner, men dei har jobba med å redusere kostnaden og har kutta 5 milliardar frå det opphavlege overslaget. Netto nytteverdi for prosjektet er rekna til 17 milliardar kroner. Ein del av nytta ligg i redusert reisetid, frå halvannan time til ein halv time, og at utbygginga vil avløyse tre ferjesamband.

Publisert: 25.03.2019 15:27
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35